Monday, April 4, 2011

Nynorsk i reklamar


Nynorsk blir brukt meir og meir i reklamebransjen. Nokon meiner det kan vere eit effektivt virkemiddel, mens andre meiner det motsette. Dei meiner produktet virke meir seriøst og meir norsk dersom det blir presentert på nynorsk. Over 85% av Noregs befolkning snakkar bokmål og det er derfor logisk at det er den vanlegaste å bruke i reklamar. NHO-ledar Finn Bergesen jr. seier nynorsken signaliserar identitet og ekte varme. Dette trur ikkje eg har nokon effekt, i kvartfall ikkje på dei som ikkje nyttar det nynorske skriftspråket. Likevel trur eg nokon reklamar kan skaffe noko merksemd. Nokon vil nok nokon bli irritert av nynorskbruken også. Ivar Vereide, fagleg leier i reklamebyrået Dinamo Norge, meiner man ikkje bør nytte nynorsk berre for å nytte nynorsk. Då kjem man lett inn i ein Ivar Aasen-filosofering seier han.

På nynorskpraktiserande områder på vestlandet kan sjølvsagt reklamane vere på nynorsk, men ein reklame i Adresseavisen eller Fredrikstad blad bør nok framleis skrives på bokmål, sida bokmål praktiserast i disse områda. I tillegg er det sjølvsagt logisk at produkta frå nynorske områder kan vises fram på nynorsk.
Etter min meining bør ikkje nynorsk brukast som eit virkemiddel men heller som ein del av det norske språket. Sida 10-15% av Noregs befolkning skrivar nynorsk er det logisk at like mange prosent av reklamen også er på nynorsk. Eg trur ikkje nynorsken påverkar reklamen i ein positiv retning, i kvartfall ikkje stader som ikkje nyttar nynorsk. 

No comments:

Post a Comment