Sunday, November 21, 2010

Varme er ikke alltid positivt...

Det var ein varm sommardag seint desember, og da skjønnar du kanskje at me skal sør for ekvator. Eg vart på juleferie i Argentina med familien. Det vart på grensa mellom Argentina og Chile, og me ville få eit land ekstra å krysse av på kartet. Uheldigvis vart vegen stengt, noko me med våre svært avgrensa spansk-kunnskapar ikkje hadde observert. Me fann ein annan vei, som eg kan forstå kvifor ikkje vart hovudvegen til Chile.

Vegen vart dårlegare enn dei verste vegane "e oppi Nord", og bilen kom seg ikkje lengre opp enn halvvegs. Men fortvil ikkje, små barn! Bak oss kom to vilt framande chilenarar, som me kunne haike med. Dermed vart eg og min bror, uten mobil-dekning, køyrd over grensa til Chile. Me vart heldige og slapp å bli pakka inn i aluminiumsfolie, torturert til å dele ein heil rekke med stathemmelegheitar (som eg nemleg sitt på) og seld til ein rik chilenar som slavar, og me kom heim med eit land ekstra å markere på Travbuddy.com - countries I've visited.

No comments:

Post a Comment